TOMTEFESTE FOR EI ANNAN TID

DEL ARTIKKEL
Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on LinkedInPrint this pageEmail this to someone

Lene Vågslid, stortingsrepresentant, Justiskomiteen


I 2015 endra Høgre og FrP regjeringa tomtefesteloven. Dei sytte for å auke festeavgifta til 2,5 % for om lag 170.000 festarar i landet. Dei sytte for at tomteeigar er sikra ei trygg og god avkastning på sine festetomter.

Arbeiderpartiet meiner at Høgre og FrP saman med støttepartia vedtok ein lov som går for langt i å forfordele bortfestarane. Dersom festetomtene er store vil den totale festeavgifta kunne bli svært høg for mange familiar.

Arbeiderpartiet ville ha eit avtakande beløp pr mål tomt og ei lågare festeavgift. Slik tomtefesteloven vart vedtatt med stemmene til Høgre, FrP, KrF, V og Sp vil ein festar med ei enkel lita hytte på ei stor tomt- kunne få ei festeavgift på 50.000 kroner på eit år. Dette er urimeleg og svært lite bustadsosialt.

For Arbeiderpartiet er det eit politisk mål at fleire skal kunne eiga både sin eigen bustad men også jorda huset står på. Eg meiner det var  og er feil å syte for rett avkastning for tomteeigar slik regjeringa gjorde i 2015.

Etter at Noreg var dømt i EMD i juni 2012 så var jobben for Stortinget under behandling av saka i 2015 å finne ei rettferdig balanse mellom grunneigar og festar. Det greidde regjeringa med sine støtteparti ikkje å gjere.

Arbeiderpartiet meiner at ei rettferdig balanse hadde vore kring 1% festeavgift, noko som vert understøtta av Norges Miljø- og biovitenskaeplege universitet på Ås. I Stortingets handsamning av saka i 2015 foreslo vi 1,25 % etter faglege innspel frå NMBU, NHH. Ei lovteknisk vurdering frå justisdepartementet viste at handlingsrommet var større enn kva proposisjonen konkluderte med for å oppfylle EMD dommen. Høgre og FrP sytte altså for at tusenvis av festarar fekk ei kraftig auke i avgift pr. dekar på si tomt for hytte eller bustad.

Mange tomtefestarar har fått innløyst si tomt, men mange har det ikkje. Fleire opplever både å miste festavtale eller ikkje ha sjans til innløysing på grunn av Landbruksunntaket. Så lenge me har ei tomtefestelov har det vore viktig for Arbeiderpartiet å styrke innløysingsretten.

Landbruksunntaket og dagens regjering står klart i vegen for dette.

Eg meiner tomtefesteloven høyrer til i ei anna tid og Arbeiderpartiet ynskjer på sikt å avvikle lova. Tomtefeste var kanskje ein muligheit for enkelte i ei tid der mange hadde behov for både hus og arbeid. Ein kan også sjå på det som ein «gest» frå fleire jordeigarar at andre fekk byggje hus på tomta deira. Mange var husmenn og jobba for ein storbonde. Mange sto med lua i handa og eigde ikkje jorda dei budde på. I dag må det fins betre og meir rettferdige måtar å løyse dette på.

Tomtefestelova er utvilsamt utfordrande og krevjande. For begge partar. Men mest av alt er den usosial og urimeleg for dei som bur eller har hytte på festa tomt. Me vann ikkje fram med våre synspunkt i denne Stortingsperioda. Me håpar at ein i neste Stortingsperiode kan få eit nytt fleirtal i Stortinget for å ende levetida for denne lova.  Eigarskap eller leige bør vere det ein står mellom, og ikkje operere med ein utdatert hybrid som berre blir til advokatmat og for å fylle norske rettsalar.

 

DEL ARTIKKEL
Share on FacebookTweet about this on TwitterShare on LinkedInPrint this pageEmail this to someone